Bronseskulptur av jente riande på hest.
Hestetrugar i metall. Ein nokså brei ytre ring, med sju metalleikar festa til ein indre, mindre ring. Nokre av metalleikane manglar. To metallbogar til å feste trugane til hestehoven.
Hestehelle i tre med vidjespenning på kvar side. Sjølve hella er forma som eit åttetal der vidjespenningane er tredd gjennom hola i kvar ende. Utanpå vidjespenningane er det surra strie.
Hestehelle i tre. Eit avlangt stykke tre med eit hol i kvar kortende.
Oljemåleri med gullfarga ramme. Måla på plate.
Share to