Liv
Mørk blå og ubleika kallemank (ulldamask) med brosjeringar i gulraudt, blåraudt, raudgult, og sitrongult. Fôr av spisskypertvove linty. Snitt: "Tidleg rokokko". Rette framkantar, liten halsringing, Midtsaum i ryggen og svakt tilbaketrukne sidesaumar, skøytt under erme og liten kile i sidene. Svakt innsvinga bak og i sidesaumane, frå midja skrår delane svakt utover hoftene. Saum: Livet er sydd for hand med ubleika lintråd. I ryggen ligg høgre stykket litt over på venstre og er stukke ned med prikkesting. Framstykka ligg over på ryggstykka. Saumromma er vent innover på framstykka. Skuldersaum oppe på skulder. Fôret er elles sydd til tyet med faldesting som vises på retta som små prikkesting. Livet har symerke etter 2 par hekter nede i livet og øverst ca. 2,5 cm frå halsringinga. Høgde rygg: 50,5 cm. Høgde skjøt: 12 cm. Høgde u/erme: 29,5 cm. Høgde framkant: 42,5 cm. Bredde rygg: 36,5 cm. Vidde nede: 101 cm. Vidde i midja: 79 cm. Bredde skulder, målt over sk.saum: 12,5 cm. Bredde selar på det smaleste: 11 cm.