Løslomme
Lauslomme sauma av grøn grov ullkypert, stykkfarga. Framstykket ufora, og brodert med plattsaum i fleire fargar: rosa, turkis, mosegrøn, raudt, og beige ullgarn. Av mjukullsgarn. Fargane er lett falma. Bakstykket av tynt geiteskinn, og påsett eit lerretsvove grovt ullstoff på framsida, som kunn dekkar opningen. Av same grønfarge som kypertkvaliteten. Lommeopning og langs ytterkantar er kanta med raudt kypertvove ullband.
Oppe er påsydd ein lommekrok av messing, platearbeid med trambulert mønster. Kroken er seinare avbroten, og øvre del er bretta ned for å danne ny krok (?). Heile lomma handsydd.