Liten papirpose med blå skrift. Inneheld pulver.
Utnemningsbrev frå Det kongelige kirke- og undervisnings-departement der Ivar Raaen blir utnemnd til prest i Tingvoll. Underskrive av regjeringsmedlemmar og statsminister Chr. Michelsen. Datert 24. juni 1905 og 27. juni 1905. To dokument om utnemninga. Eitt dokument frå biskopen i Trondhjem bispedømme om det same. Underskrive av biskop Wilhelm Andreas Wexselsen. Datert 5. juli 1905.
Heimelaga alnestokk/alnemål. 30 tverrstrek, eit større strek for kvar sjette tomme. Runda handtak med hol i. Brukt ved ullvarefabrikken?
Smalt, lite tappjern med treskaft.
Rektangulært hefte med 21 ulike fargar, garnprøver. Ingen tekst på omslaget. Inni er prøvene nummererte frå 101 til 121. Trådane er ulikt tjukke.
Rektangulært hefte med 34 ulike fargar, garnprøver.
Kornkammen har grovt tillaga skeive tindar og handtak . Laga av eitt stykke tre
Barberkniv av vanleg type i eit brunt etui med påskrift frå produsenten.
Steinbit, der eine sida er brukt som bryne.
Reiseskrinet har leddik med tre rom og ei skuffe. Kraftige jernhengsler, heimesmidde. Raufarge på lokket inni. Potteblå(?) farge utapå, svarte kantar som illuderer jernbeslag. Berehengsler på sida. Nøkkel og innskripsjon på forsida.
Stor navar med solid tversgåande treskaft
Solid bøygd treklosse av bjørk. Emne til "- en fastnaglet Klods som Gjenge eller Axselpunkt paa Døre, Slagborde og deslige". (Ivar Aasens ordbok)
Øvingshefte i handskrift. Ordtak som mønster til etterlikning av eleven.
Fire emne til stallband. Runde pinnar som er forma som avkorta kjegler nederst. Pinnane festa meiene på sleden/kjelken til overdelen.
Mugge med bilete av en katedral. Litt firkantig form.
Spesielt skrujern med breit, firkanta treskaft og stor skrudel laga for solide skruer.
Bilde i glas og svart ramme. Viser Magnus Skeid, Laura Strand og Johanne Taknes i utstillingslokale med handverksprodukt, symaskinar og rokkar. Tekst svært fint påskrive med gotiske(?) bokstavar av Dordi Bergheim.
Hefte med vakkert omslag: Fabrikkmerket til Tingvoll ullvarefabr., prinsesse ved rokken. Oval med raud ring og gullfarga bakgrunn.
Share to