Forkle
Forkle av svart, grov ull-lerret med innvove skilbragd-bord i lilla nederst. Jare i begge sider, skjøt på midten sydd saman med for-sting med brun lintråd. Foldelagt oppe med tette legg, ca 0,8 cm, som går framover, dei er nedsydde på baksida, 2,8 cm nedpå. Øvre kanten er kanta med eit svart ullband som er sydd på med attersting på retta, bretta over og sydd til med faldesting på baksida. Metallhekte i kvar side. Skonert nederst med eit trykt bomullstøy i raudt og svart. Skoneringa er bretta inn langs alle sider og sydd til med faldesting. Forkledet er lagt i 6 loddrette brettar.