Intervju med Georg Nervik. Livsminne og arbeidsliv. Opptak frå Etne 1985.
Georg Nervik frå Nervik i Etne deler livsminne.
Han fortel om skulekvardagen og lærarane han hadde som barn. Lærar Reinert Viland frå Ølensvåg; lærar Rennestrøm; to brør frå Dalen på Bjoa, "Dalsgutane"; lærar Mathias Bakke frå Sunnfjord. Om leik i friminutta.
Georg blei sjølv lærar i 1917, og jobba som lærar i ti år. Han hadde kr 4.400 i årslønn i 1927.
Han fortel elles om barndom og oppvekst. Om arbeid på garden: om å ta opp poteter under frost, slåtten, såter, vending av høy, kornskurd med sigd, treskeverk; om sagbruk, kvern, slåmaskin, seperator, kinning av smør, vedsanking i skogen.