6 results in DigitaltMuseum:

Loft

Loft

Lafta bygning i tre etasjer med tørrmur og torvtak. Skot og gang av reisverk og supanel. Ingen eldstad. To glas i fremste gavlen med skåprom mellom. Eit rom i kvar høgd med ein gang/"dør" framfor, og trappa går mellom desse. Første høgda var bu/ forrådsrom (ikkje nystove). Bua er den eldste delen av bygningen. Andre høgda er sett opp seinare, med mykje grannare tømmer enn første høgda. Bua har ovalt tømmer, rette, ikkje avsmalnande ovale novhovud og 6-kanta laftehals. Syllstokken har høgt, trapesforma tverrsnitt. Døra er einfeld med den gamle beitskitypen, med spor der dei tilspissa endane på veggstokken går inn. I stokken over døra er det til begge sidene eit par opningar som kan likna på spor etter bjelkar, men er truleg gluggar (den eine har hatt skyveluke på innsida). Stokken over gluggane er nyare, slik at vi ikkje har heile den opphavelege forma deira. Stokken som gluggane er hogne i, har likevel også merke etter bjelkar, eit grunt spor over døra og eit djupt ute ved langveggen. Midt etter rommet må ha lege ein bjelke. Det ter etter han i motsette gavlen òg. Ved langveggen held stokken med hogga fram med eit utstikk ut i svala på denne sida. Forma på utstikket er heilt som på ein stokk som pla liggja under ei utstikkande stavlægje, dvs. øvste stokken i langveggen. No ligg han i tverrveggen over døra. Tilsvarande utstikk er det også i den ytre tverrveggen. Dette og meir til fortel at dei har gjort ein god del med bua då dei bygde henne saman med loftet. Mest sannsynleg har dei snudd henne, slik at langvegg vart tverrvegg. I gavlen motsett døra er det skore ut ein glugge som er teken ut av to stokkar og spor etter eventuell eldre opning er her bortkome . I svilla i same gavlen er spor etter fire bjelkar på utsida. Det er truleg etter golvet i ei sval frå før dei to høgdene var samanbygde. Då kan det ha vore ei sval på eine langveggen. Andre høgda er yngst. Ho er sett opp med mykje grannare tømmer enn første høgda, og hoggemåtane skil seg også mykje ut med sine flathogne vegger og firkanta novhovud. Det er nytta sag på novendane. Det er elles ikkje spor i tømmeret som tyder på at andre høgda er gjord om nokon gong. Då gjorde dei rommet like langt som buarommet under, men dei gjorde rommet noko breiare, ca. 45 cm. Den langveggen som såleis ikkje fekk kvila på veggen under, kviler på bjelkelaget som stikk ut på eine sida. Dei nemnde særleg tilforma utstikka i tverrveggene er også med på å bera vekta.

Share to