Bømlo gamle kyrkje (Vorland gamle kyrkje)
Bømlo gamle kyrkje
Bømlo gamle kyrkje, som vart bygd i 1621, er ei langkyrkje i lafta, flattelgt tømmer. Ho har rektangulært skip og smalare, rett avslutta kor i aust og våpenhus framom inngangen i vest. Eit lite sakristi på austsida av koret er bygd til i 1951. Utvendig er kyrkja kledd med liggjande supanel.
Kyrkja vart bygd om blant anna i 1885, med større vindauge, nye dører og nye galleri, borne av stolpar og boga knektar. Himlingen i skipet vart truleg bygd om på same tid, frå flat til flatboga bordhimling, for å skape takhøgd over galleria. Dei noverande kyrkjebenkene er også frå 1885, men det er spor etter dei eldre benkene i langveggene.
Preikestol og altertavle, som også er frå 1885, er kopiar av preikestol og altertavle i Moster nye kyrkje. Altertavla i nygotisk stil er laga av Johan Holme. Ho er tredelt, med smale sidefelt og breiare midtfelt. Botnfargen i felta er blå, og midtfeltet har ein kvitmåla kross. Dåpsfatet i messing har bilete av ein riddar som kjempar mot draken.
Kjelder:
Hoff, Anne Marta og Hans-Emil Lidén: Norges Kirker, Hordaland II, Oslo 2000
Rasmussen, Alf Henry: Våre kirker. Norsk kirkeleksikon, Kirkenær 1993