31 results in DigitaltMuseum:

Torpo stavkyrkje

Torpo stavkyrkje

Torpo stavkyrkje er ei bruntjæra stavkyrkje, antakeleg bygd i siste tiår av 1100-talet. Ei runeinnskrift i kyrkja fortel at ”Torolf gjorde denne kyrkja”. I den siste halvdelen av 1800-talet bygde kyrkjelyden ny kyrkje, og den gamle stavkyrkja vart selt til Fortidsminneforeningen i 1880, men då var koret rive og koropninga gjenbygd. Torpo stavkyrkje er kort og høgreist med ein massiv takryttar med spiss tårnhjelm. Kyrkja har to vangportalar bevart, vestportalen og restar av sørportalen. Vangportalane er dekorerte med dragar, rankar og dyrehovud. Kyrkjerommet er lyst, fordi det er sett inn to store vindauge på kvar langvegg i nyare tid. Veggane og søylerekkene er trekvite, og dei veggfaste, middelalderske kyrkjebenkane er bevarte. Det ekstra inventaret forsvann då kyrkja vart nedlagt. Dekorerte plankar er ramma inn og fungerer som altertavle. I golvet framfor den tidlegare koropninga er det eit innriss som markerer ei middelaldergrav. Mellom midtromsstavane i aust er det bevart eit stort tønnekvelv som har vore del av eit lektorium, eit skriftlesingsgalleri eit par meter over golvet. Midt i kvelvet tronar den dømmande Kristus omgitt av dei fire evangelistsymbola. På kvar side av Kristus sit apostlane, og under dei igjen skildrast Sta. Margretas martyrium. Kvelvets gavlfelt viser Maria og Johannes, og over dei svevar to englar med røykelseskar. Kjelder: Anker, Leif: De norske stavkirkene, Oslo 2005

Kaupanger stavkyrkje

Kaupanger stavkyrkje

Kaupanger stavkyrkje Kaupanger stavkyrkje er bygd ein gong på 1100-talet, etter at den tidlegare kyrkja på staden brann i 1130. Både skip og kor har heva midtrom, og på mønet over skipet sit ein takryttar omkransa av fire mindre spir. Kyrkja har utvendig kledning av liggjande supanel. Kaupanger blir rekna som ei av dei stavkyrkjene som er beste tekne vare på i Noreg. Det er funne spor av to tidlegare stolpekyrkjer på staden. Den berande stolpekonstruksjonen i desse kyrkjene var fundamentert rett i jorda, og rotna dermed lett. Midtromma i skip og kor er borne oppe av til saman 22 stolpar, eller stavar. Kyrkjeskipet har åtte stavpar i midtrommets lengderetning. Den berande konstruksjonen med stolpar, eller stavar, feste i ein horisontal bjelke ovantil og ein botnsvill nedantil, har gjeve opphavet til nemninga stavkyrkje. Opphavleg har det vore svalgang rundt kyrkja, men denne vart fjerna på 1600-talet. Då fekk kyrkja også nye vindauge og liggjande panel. Kyrkja vart modernisert på 1800-talet, men på 1960-talet vart ho attendeført til 1600-talsuttrykk. I samband med restaureringa, vart inventaret frå 1600-talet sett attende i kyrkja, blant anna preikestol, altertavle og døypefont, som vart gjevne som gåve til kyrkja av futen Gøde Pedersen på 1600-talet. Preikestolen er i renessansestil, og den todelte altertavla med rikt dekorerte vengjestykke har bilete av Krossfestinga og Oppstoda. Over koropninga er det ein utskoren boge frå 1200-talet, som truleg kjem frå ein alterbaldakin. Kjelder: Anker, Leif: De norske stavkirkene, Oslo 2005 www.fortidsminneforeningen.no. Lest: 18.11.11

Garmo stavkirke, Maihaugen

Garmo stavkirke, Maihaugen

Garmo stavkirke Garmo stavkirke ble oppført på 1200-tallet på Garmo i Lom. Opprinnelig var dette en enkel enskipet stavkirke med smalere kor, men i 1730 ble kirken utvidet med et laftet tverrskip, slik at den fikk korsform, og koret ble utvidet til skipets bredde. Kirken ble revet i 1880 og materialene solgt på auksjon. På begynnelsen av 1900-tallet ble bygningsmaterialer fra Garmo-kirken samlet inn, slik at man kunne bygge en rekonstruksjon av stavkirken på Maihaugen. Den sto ferdig i 1921. Nye materialer ved rekonstruksjonen er merket. Skip og kor har til sammen tolv ulike stolper. Den bærende konstruksjonen, med stolper, eller staver, festet i en horisontal bjelke oventil og en bunnsvill nedentil, har gitt opphavet til betegnelsen stavkirke. Bortsett fra klebersteins-døpefonten fra 1100-tallet og et maleri, kommer alt inventaret i Garmo stavkirke fra andre kirker. Prekestolen, som er laget av Peder Knudsen Kjørsvik i 1738, kommer fra Hustad kirke i Romsdal. Altertavlen fra 1695 kommer fra Lillehammer kirke. Den har figurfremstillinger av Nattverden, Korsfestelsen og Oppstandelsen, kronet av den tronende Kristus på Dommedag. Korsfestelsen er flankert av Den gode hyrde og Johannes døperen, og på hver side av Oppstandelsen står de fire evangelistene. Rundt 1730 har altertavlen fått sidefløyer med akantusdekorasjoner. Kilder: Anker, Leif: De norske stavkirkene, Oslo 2005 www.maihaugen.no. Lest: 21.11.11

Hegge stavkyrkje

Hegge stavkyrkje

Hegge stavkyrkje vart bygd på første halvdel av 1200-tallet, og er ei av stavkyrkjene som framleis er i bruk som soknekyrkje. Kyrkja har gjennomgått store endringar sidan ho vart bygd. Ho har fått smårutete vindauge, skifertak og ein kraftig takryttar med spisst spir, og utvida kor og sakristi i øst. Kyrkja er prega av restaureringa i 1924-25, som vart planlagt av arkitekt Arnstein Arneberg. Då vart blant anna våpenhuset og galleriet i vest utvida. Interiøra, som ble restaurert på 1920-tallet, har ikkje middelalderpreg. Innreiinga er enkel. Åtte stavar bærer midtrommet, med ein nyare flat himling over. Koret, som opnar seg i full bredde mot skipet, har eit enkelt korskilje, og korhimlinga er måla med rankar og blomster, antakelig av bygdekunstnaren Ole Hermundsen Berge rundt 1800. Altertavla frå 1780, som er utsøkt treskjærarkunst av Østen Kjørn frå Gudbrandsdalen, består av fleire utskorne figurscener satt inn i nisjar, omkransa av akantus bladdekor. Under restaureringa på 1920-talet fann ein eit måleri under golvplankane, som viser ofringa av Isak. Bildet er måla i 1643 og heng i dag på nordsida i koret. Bortsett frå døypefonten av kleberstein frå 1100-talet er ikkje mykje av middelalderinventaret bevart, men øvre ende av mellomstavane har utskorne masker med svarte opptrukne konturar. Slike groteske figurar var vanlig dekor i middelalderens trekyrkjer. Rundt vestportalen på skipet og i våpenhuset er det to middelalderske utskorne vangeportalar. Kjelder: Anker, Leif: De norske stavkirkene, Oslo 2005

Share to