Tore Ørjasæter [Fotografert måleri av Tore Ørjasæter]
Portrettmåleri av Tore Ørjasæter (1886-1968), som er måla av Agnes Hiorth (1899-1984) i 1938. Hiorth var særleg kjend for sine portrettmåleri. Ørjasæter var diktar og lyrikar. Han debuterte med diktsamlinga "Ættar-arv" i 1908, og gav ut totalt 12 diktsamlingar. Hovudverket var trilogien "Gudbrand Langleite", som kom ut i tre band mellom 1913 og 1927. Ørjasæter skreiv óg fire skodespel og ein roman. I dag er truleg diktet "Å, Vestland, Vestland" det han er mest kjend for. Måleriet er fotografert av O. Væring.
Dette er eit digitalt eksemplar av eit foto frå biletarkivet etter "Norsk Allkunnebok". Fonna Forlag gav ut det nynorske leksikonet "Norsk Allkunnebok" mellom 1948 og 1966. Biletarkivet vart utlånt frå Nasjonalbiblioteket til Nynorsk kultursentrum, og kan kopierast og nyttast av sistnemnde etter avtale frå 2004.
Kjelder:
https://www.allkunne.no/framside/biografiar/o/tore-orjasater/111/7409/ (Lesedato: 27.08.2020)
https://nkl.snl.no/Agnes_Hiorth (Lesedato: 27.08.2020)