Leirkar
Tre skår limt saman til eitt frå eitt leirkar med dekor av spannforma type. Godset er ikkje av spannforma type, det er frå eit vanleg leirkar. Skåra er frå veggen, og viser at karet har hatt både horisontal og vertikal dekorasjon. Øvst er det horisontalt band av samansette krysstempel (jf. Kristoffersen & Magnus 2010: app. I:16), rett under er horisontal strekdekor og deretter eit band av rørstempel. Under følgjer så horisontal strekdekor att, før det går over til vertikal felt med strekdekor. Krumming på veggen viser at karet ikkje har vore rettvegga. Tolka til å ha dekor av type D3 (500-tal e. Kr.) Fnr. 203823