Stativ
Stativ av tre og metall til å ha på disken i krambua, med tre ruller innpakningspapir av forskjellig lengde. Breiast nede, sym. avtrappa oppover.
Av fire horisontale treplater i tre lengder. Dei tre nederste har påskrudd tverrgåande små jarn. Frå desse går stenger opp og held neste treplate. Kvar av desse har festa ein krok midt på (avstanden til neste plate). I kroken kviler ein massiv trerull som papirrull med hul midtre treast innpå. Trerullen kviler, og kan følgeleg dreiast lett rundt ved at det sentrert i kvar ende er innskrudd ein jarnbit med sirkelforma tverrsnitt. Denne ligg an i krokene.
Over kvar rull ei smal metallplate med konveks overside. Denne ligg nedtil papirrullen til einkvar tid. DEn er festa og glir på dei vertikale stengene. Alt metall er måla sølvfarga, treet er raudt.