T-skjorte
Svart t-skjorte med kvit tekst, som er trykt i høve markeringa av at det var 100 år sidan Halldis Moren Vesaas vart fødd. Vesaas var fødd 18. november 1907 i Trysil og døydde 8. september 1995 i Oslo. Ho var kjend som lyrikar og gjendiktar, og ho tilhøyrer den romantiske nynorsktradisjonen i norsk lyrikk. I 1995 var Vesaas festspeldiktar under Dei nynorske festspela. Halldis gifte seg med forfattaren Tarjei Vesaas, og saman busette dei seg i Vinje i Telemark. Ein av Halldis Moren Vesaas sine mest kjende diktsamlingar heiter "Treet". Kunsten som er trykt på den aktuelle t-skjorta kan både førestille eit frukttre og ein kvinnekropp. T-skjorta er i storleiken L.
Kjelde:
https://www.allkunne.no/framside/biografiar/v/halldis-moren-vesaas/105/1290/ (Lesedato: 17.01.2020)