Byggåkeren stod klar til å skjærast i dag. Jarle fekk ein nabo til å koma med skurtreskaren. Han fyllte to vogner med korn som blei kjørt på mølla. Så kom ein maskinentreprenør og laga halmballar. Då var denne dagen over.
I dag må dei ta opp gulerøtene for hand – som i gamle dagar. Jorda er for blaut til at dei kan bruka maskin. Jarle reknar med å få opp ti kassar på denne måten.
Jone satsar på lys i det nye drivhuset sitt. I dag er det lampemontering på gang. Men det er også tida for sal av grønsaker som dei lagrar på garden. Jarle får hjelp av mest heile familien til pakking av uvaska gulrot.
Dei siste tomatene og agurkene i sesoongen 2000 blir henta. Nå skal alle drivhus ryddast og desinfiserast. Dette er også tida for vedlikehald og utbetringar. Det ser me i dagens video.
Jone Wiig og Alieksey flytter alle plantene utover i veksthuset i dag. Dei må ha meir plass, eit arbeid som tar på både knær og rygg.
Pakka agurker, riva ut gamle agurkplanter, rydda veksthuset, kjøra plantene på "tippen"
Inne i veksthuset er det lagt ut vekstkuber som blir vatna. Så legges eitt frø i kvar kube. Etterpå blir det lagt strø over.
Kyrne et gras heile året. I gamle dagar åt dei høy = tørka gras. Nå går det i silofôr – anten frå rundballar eller flatsilo / plansilo. I dag er eg med Jarle når han haustar frå flatsiloen.
På Vik har dei kålrot på kjøla. I dag hentar dei ut, vaskar og pakkar i 15 kg posar til butikkane.
Det tar tid å rydda ut av drivhusa og førebu for neste år. Denne dagen legg dei ny plast på golvet. Så går turen ut for å ta opp haustkål. Her blir det nok surkål til mange julemiddagar.
November er månaden for å rydda ut og vaska ned i drivhusa. I dag er Alieksey og Aleksandr i gang med å desinfisera vegger og tak.
Hausting og sortering av agurk.
Rundtur på garden i stillfoto og video. Jone viser ei veke gamle agurkplanter og me ser tomatplantene som ber store, grøne tomater ned og blomter i toppen. Nærfoto av "støttebandasjen" som greinene får.
Jarle og Jone pløyer, har på kunstgjødsel, lagar planteseng, plantar gulrotfrø, sprøyter, har på plast - alt på same dag.
5 600 planter skal til Orre gartneri innan kl. 9 i dag. Kjetil Orre har fått med seg 4-5 kvinner og menn til å setta dei på plass i nytt veksthus. Men først må plantene kontrollerast av ein planteinspektør.
10 000 tomatplanter blir flytta frå bretta dei blei sådd i til plantekuber.
Share to