lue
Lue, kilelue, køllelue.
Fòr av to ulike fargar og kvalitetar ull kypert. Flat topp, heilfòra.
Kilelue, samansett av 8 kiler, av raud (svært falma) ull kypert. Hovudstoff og fòr kvar kile, er sydd saman med neste "kile-par" med ein kastesaum , ny kvit lintråd.
Så er saumen glatta ut, slik at delane ligg "butt i butt". Der spissane møtest er det påsydd ei sirkelforma bot, på innsida og utsida.
Over kastesaumane er det sydd på ei smal remse med sårkantar av svart ull lerret. Ei slik remse er også truleg sydd på rundt heile lua: 2,5 cm opp for nedkant. Desse banda er sydd på med blå ulltråd. Langs nedkant er kanta med same type kvalitet, svart ull lerret sydd rette mot rette 0,5 cm opp for nedkant. Falda tett rundt nedkant. Sydd til med faldesting på baksida. I tillegg er det sydd ein prikkestikning 0,5 cm opp for saumlinje, frå retta.