641 results in DigitaltMuseum:

Rikshospitalet

Rikshospitalet

Rikshospitalet ligg omgjeve av grøn natur, nært bymarka og Sognsvann i Oslo. Ein humanistisk grunntanke ligg bak både arkitekturen og kunsten i det store bygningskomplekset. Medplan AS Arkitekter laga bygget etter mønster av ein småby, med hovudgate, sidegater, torg og møteplassar, og la vekt på fysiske rammer som skulle gje brukarane av sjukehuset tillit og omsorg. I samband med bygginga vart det sett av middel til kunstprosjekt i to rundar. I 1993 gav KORO den fyrste bevillinga til kunst, og tre kunstnarar fekk oppdraget med å lage verk til særskilte område. Odd Tandberg står bak eit fire etasjar høgt glasmåleri på den sørvende fasaden i vestibylen. Det fargesterke glasmåleriet er eit av dei mest framståande prosjekta hans og er laga i fellesskap med Elen Grøn-Hansen. Istvan Lisztes har utført ein bronseskulptur til innkøyringa til sjukehuset, og Kjell Mardon Gunvaldsen står bak tekstilarbeidet Balanse i vestibylen. Skulpturen som heng ned frå taket fire etasjar over bakken, består av eit hengande transparent trådteppe og fleire mindre vassrette felt. Verket er eit blikkfang i svart og kvitt og primærfargane blått, raudt og gult. I 1996 auka Kulturdepartementet kunstbudsjettet med tolv millionar, og kunstprosjektet vart fullbyrda. Til saman 37 kunstnarar har utført verk til sjukehuset, og i tillegg er arbeid av 55 kunstnarar kjøpt inn. I kapellet på Rikshospitalet kan ein finne Terje Roalkvam sitt veggintegrerte verk. Glasplater i primærfargar er felt inn i den lyse mursteinsstrukturen, komponert i eit abstrakt mønster. Lyset blir reflektert gjennom det farga glaset på skiftande måtar, avhengig av tida på døgnet og året. Nord i den lange glasgata som strekkjer seg frå hovudinngangen og til tre poliklinikkar, står Bård Breiviks over fem tonn tunge og tolv meter høge granittobelisk "Draum". Ei overdimensjonert gullmaske kviler på toppen, modellert etter kunstnaren sitt ansikt. Skulpturen har ei klar tilknyting til rommet den står i, og kan sjåast frå fleire etasjar, frå vindauga og bruovergangane i korridoren. Rolf Starup har laga tre metallskulpturar, "Riket I, II og III". På avstand verkar skulpturane ganske stramme og tydelege, på nært hald kjem enkeltobjekta til syne: utrangert utstyr som kvar ber med seg si historie og kan oppfattast som både ubehagelege og humoristiske. I barneavdelinga har mellom anna Lars Elling og Fam Ekman skapt ei humoristisk og venleg ramme rundt ete- og opphaldsromma. Ellings "Alltid lunsj i jungelen" viser tre apekattar som svingar seg. Kroppane er laga av fuskepels, hovuda av gamle Tandberg-radioar. Avskjerma uterom, vårhagar og gardsrom har òg fått kunst. Inge van der Drift har laga verket "Et sted å være" i området mot Gaustad, ein skulptur av 1700 piletre i ein spiralformasjon. Ei særeiga satsing på sjukehuset er "Artoteket", ei ordning der pasientane kan velje seg bilete til rommet sitt frå ei samling utanfor biblioteket.

Nationaltheatret stasjon

Nationaltheatret stasjon

Nationaltheatret stasjon ligg sentralt til ved foten av Slottsparken. På den opne plassen utanfor kan ein sjå både Akershus festning, hamna og Studenterlunden, men sjølve stasjonen er nær usynleg i bybildet. Stasjonen har ei lang historie. Allereie i 1928 blei den opna for T-banetrafikk, og i 1980 blei den bygd ut med tanke på togtrafikk, samstundes som Oslotunnelen sørgde for togsamband mellom Skøyen stasjon og Oslo Sentralstasjon. Dei seinare åra har om lag 35 000 reisande vore innom togstasjonen på Nationaltheatret kvar dag, og over 25 000 har reist med T-banen. Mot slutten av 1990-talet blei stasjonen rehabilitert og utvida, og i 1999 opna den på ny, med fire spor og ein ny hovudinngang frå Ruseløkkveien. Nå går Flytoget til Gardermoen via stasjonen, og kapasiteten er nær dobla. I nedgangen til stasjonen blir passasjerane møtt av ein kunstnarisk omforma teglsteinsvegg som har sine røter i den kunstnariske utforminga av stasjonen i 1980. Ola Enstad (NO) og Bård Breivik (NO) stod bak verket i gangrampa mot Ruseløkkveien, som nå er riven. I naturbetongflatene på veggane var det støypt inn ei rekke skulpturar og andre motiv – og i ein handløpar av stål var det sveisa inn små detaljar som knutar, hender og korketrekkarar. Det er delar av dette verket som nå er reintegrert i vestibylen. I nærleiken av Enstad og Breivik sitt verk står Erwin Løfflers skulptur Hel form, som blei kjøpt inn i samband med bygginga av daverande Abelhaugen stasjon i 1979. Løffler (1922–2012) kom til Noreg som ungarsk flyktning i 1947 og er kjend for bronse- og marmorskulpturar med abstrakte, mjuke former. Andre skulpturar av han er plassert ved Universitetet i Oslo; Delt form står utanfor Eilert Sundts hus, og Brutt form ved Niels Treschows hus. I vestibylen finn ein òg ein bend grøn vegg fargesett av Katrine Giæver (NO). Veggen og søylene er behandla med stucco lustro, ein spesiell type murpuss som gjev eit marmorprega fargespel. Kjem ein vegen frå Drammensveien eller Parkveien, via oppgang vest, blir ein møtt av Terje Roalkvam (NO) sitt verk: 69 fargesterke, glasemaljerte stålkassettar som pregar gangtunnelen ned mot den gamle toghallen. Dei same formene er gjentekne i gangtunnelen som leier ned mot den nye hallen, der ein serie glasfelt er utført med silketrykk og sandblåse glas. Oppgang vest blei i 2015 heidra med Houens Fonds Diplom. I grunngjevinga til juryen blir det mellom anna sagt om verket til Roalkvam at det er «vakkert integrert i de bygningsmessige arbeidene». Roalkvam har òg vore involvert i fargesettinga av resten av interiøret, med brennlakkerte stålboltar i staghylla og betongveggane. Eit hovudverk i den nye delen av hallen står Anne-Karin Furunes (NO) for. Dei to 250 meter lange bildefrisene er sett saman av 332 rustfrie stålplater, perforert til punktgrafikk og montert på begge sider av toghallen, 25 meter under bakkenivå. På ein del av felta går perforeringa som grå graderingar eller flater med skyggestreif over, og innimellom dukkar det opp motiv av ansikt, badande menneske, bølgjer, blafrande gardinstriper og broderi, ein malstraum og skyer. Dette var Furunes sitt fyrste store offentlege verk. Sidan har ho hatt andre oppdrag, mellom anna ved Henrik Wergelands Hus på Eidsvoll, Telenors nybygg i Bergen og St. Olavs Hospital i Trondheim. Det blei brukt nær 5 millionar kroner på kunst i samband med nyopninga i 1999. Midla blei gjevne av KORO og Jernbaneverket. Jernbaneverket fekk i 2001 den internasjonale prisen Brunel Award for kunsten på Nationaltheatret stasjon, og stasjonen har fått fleire prisar for samspelet mellom arkitekturen og kunsten og den gjennomførte materialbruken.

UiB Universitetet i Bergen, Det psykologiske fakultet

UiB Universitetet i Bergen, Det psykologiske fakultet

Den finskfødde kunstnaren Suvi Nieminen lagar ofte skulpturar med utgangspunkt i det spesifikke rommet kunsten skal vere i. På Det psykologiske fakultetet ved Universitetet i Bergen har ho installert det tredelte verket Nexus (­­1997), som består av to skulpturelle installasjonar og 16 grafiske verk. «Nexus» betyr samanheng eller samling, og verket spelar på kontrastane mellom ulike typar materiale. Den største skulpturen finn ein i atriet i trapperommet. Frå taket og ned til andre etasje heng det lengder av bølgjeforma, syrefast, rustfritt stålband. I tillegg har kunstnaren sveisa saman stålband til avlange former og tredimensjonale konstruksjonar som er festa til betongavsatsane mellom etasjane. I fjerde etasje er ei veggflate fylt av 21 små skulpturar som kvar er laga av to kjegleformer, ei i dreidd stål og ei i støypt gummi. Til saman dannar skulpturane eit stormaska rutenett som gir veggen struktur og tekstur. Stålbanda i trapperommet og veggen med veggskulpturane spelar mot kvarandre gjennom motsetningar i uttrykk og likskapar i materiale. Desse maskinelt produserte verka vert igjen kontrastert av Nieminens 16 grafiske arbeid i kantina. Uttrykket til dei handlaga kaldnålsraderingane skaper ei intim atmosfære. Suvi Nieminen er utdanna ved tekstilavdelinga ved Konstindustriella högskolan i Helsinki og grafikkavdelinga ved Vestlandets Kunstakademi i Bergen. Arbeida hennar er mellom anna innkjøpt av Museet for samtidskunst, Bergen kunstmuseum, Trondheim kunstmuseum og Norsk kulturråd, og ho har hatt oppdrag for kaianlegget i Ulvik og resepsjonen til Statoils hovudkontor i Stavanger. Ho har også vore sensor ved Kunst- og designhøgskolen i Bergen (KHiB) og diplomrettleiar og lærar ved Bergen arkitektskole (BAS). Ved fleire høve har ho også vore kunstnarisk konsulent for KORO.

Share to