Rotur med tradisjonsbåtar
På Strilelandet var sjøen den dominerande ferdselsåra heilt inntil vegane og bruene kom for nokre få generasjonar sidan. Her til Herdla, som var eit senter i regionen, kom folk roande og seglande når dei skulle til kyrkje, på dans eller på butikken. Borna var ikkje mange år gamle før dei blei plasserte på ei tofte med ansvar for ei åre. I våre dagar er det derimot ikkje opplagt at born har fått prøvt seg i ein robåt.