• Photo: ukjend (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Erlend frå Gjerde

Erlend - kongeven og seinare fiende

Mykje talar for at dette kan vera den Erlend frå Gjerde som saman med Aslak frå Finnøy var førarar for bøndene frå vestlandsfylka i striden mot Olav Haraldsson i året 1030. Erlend var truleg av dei menn som kongen i sine første regjeringsår knytte til seg og gav makt, men som sidan vende seg frå han. Det var nok dette sviket kongen sikta til når han, slik den legendariske Olavssoga fortel, med vreide og vonbrot tala til motmennene sine før slaget og til Erlend ordla seg såleis: «Eg gjorde deg, liten som du var, til ein stor mann». Både Erlend frå Gjerde og Aslak frå Finnøy fall i slaget på Stiklestad.

Minnestein på Gjerde

På kyrkjegarden på Gjerde står framleis ein høg bautastein med ein kross innhoggen øvst oppe. Fleire granskarar har meint at bautasteinen kan vera reist til minne om Erlend frå Gjerde.

Share to