• Photo: Privat (Opphavsrett)
  • Photo: Elin Grytting (Opphavsrett)

Paul Johan Berstad: Folkesongar, spelemann og forteljar

”Eg la tidleg merke til melodiar og songar som var anleis.” 

Men denne eine guten skulle likevel kome til å skilje seg ut ein grand frå hine syskjena. Og på 1960-talet kunne heile Norge bli kjend med denne mannen, for no var guten blitt vaksen. ”Du har sånn lys tenor, ein skulle tru at det er havet som gjer det, ut mot vest, slik at at du må lette opp stemma for å få det til å klinge og synge og høres langt avgarde.” Det er Rolf Myklebust sine ord. Han intervjua folkesongaren Paul Johan Berstad i ein folkemusikkhalvtime i radioen på slutten av 60-talet. Og folkesongaren svara: ”Ja-a. Mor og far var granneborn og glade i å synge. I tidlegaste barneåra var eg naturleg saman med alle 4 besteforeldra mine og song gjorde dei allje. Og oftaste brukte dei gamletonane.”  

Familiearv 

Han fortalde vidare at det meste av det han kunne hadde han frå mor si. Men også farfars far som vart kalla Gamle-Kristen og farmor Johanne som var dotter til spelemannen Rasmus Johannesson frå Bortne i Selje var gode kjelder for gamletonane. ”Gamle-Kristen, oldefar som døydde 4 år før eg vart fødd, hadde mange vakre tonar frå eldre tid.” Morfaren Hans, fødd på Lidasete, hadde vakre kveldsvers og lune barnesongar. Og mor hans, Johanne Sørensdatter Liset, kunne sikkert eit utal songar, mellom anna ein heilt særeigen salmetone som går i både 4-delt og 5-delt takt. Mormor Helga var frå Oppstryn og bar med seg songarven frå mellom anna sin far, Harald Kolbeinson Guddal som var kjømeistar og stortingsmann. Han song Mjøsa, mens dei hine rodde Mjøsa, vert det fortalt.  

Inspirasjon og god hukommelse 

Paul Berstad snakka og varmt om skulelæraren sin, Zakarias Kvamme, som sjølv var interessert i dei gamle folketonane. Han vart ein inspirator for Paul til sjølv å samle der han for. Men han kunne ikkje skrive ned tonane, han måtte hugse dei.

Og han hugste tonane og songane. Han hugste orda. Han hugste forteljingane. Han hugste slåttane. Og, han hugste menneska som hadde gjeve han desse gåvene frå gamle tider.

4.april 2008 var det 100 år sidan Paul Johan Berstad vart fødd. No er det vi som skal takke. For Paul Berstad gav meir enn gjerne denne arven vidare til dei som ynskte ta imot. Han hadde ikkje berre forvalta arven godt, men også foredla og utvikla han. Paul Berstad har vore ein svært vaken observatør og musikalsk lyttar, dessutan ein dyktig utøvar som har teke særleg songtradisjonen eit langt steg vidare. Paul Johan Berstad døydde i 1993.

I 2008 vart det sett fokus på Paul Berstad, folkesongaren, spelemannen og forteljaren, gjennom konsertar og andre tilstellingar
 

Share to