• Photo: Eystein Hjelme (Opphavsrett)
  • Photo: Eystein Hjelme (Opphavsrett)
  • Photo: Eystein Hjelme (Opphavsrett)
  • Photo: Eystein Hjelme (Opphavsrett)
  • Photo: Eystein Hjelme (Opphavsrett)
  • Photo: Eystein Hjelme (Opphavsrett)

Klyngetunet på Omenås i Valldal

Klyngetunet på garden Omenås låg der som Bakkegarden ligg i dag, og dette er om lag sju kilometer opp i dalen frå sjøen. Biletet viser korleis husa stod fram til utskiftinga i 1905, og er sannsynlegvis teke ein gong mellom 1900 og 1905. Jørgine Omenås, gift Hjelme, var fødd i Larsgarden, og gav i si tid opplysningane om husa til sonen, Martin Hjelme.

Etter utskiftinga i 1905 vart tuna splitta, og ein del av husa vart flytta og fekk nye «oppgåver». I den tida såg folk seg nytte i gamalt tømmer. Eg har prøvd å rekke «fara» etter nokre av desse husa som er omtala nedanfor, og samle litt av det som hende med dei vidare:
 

1. Ukjent uthus
 

2. Rasmusgarden. Nystova
Folket i Rasmusgarden hadde planer om å byggje nytt stovehus då utskiftinga kom i 1905. Frå før hadde dei to eldre hus, kalla nystova og røykstova, som dei budde i.
Nystova vart no overteken/kjøpt av Lars Petter Selboskar (1863 – 1941), som hadde budd i klyngetunet saman med familien. Han hadde då forpakta Larsgarden (Hjellen) i to år, og då eigarane av Larsgarden sjølv ville drive, fekk han tilbod om å drive Plassen på Hjelma. På Plassen var det dårleg med hus, så han fekk kjøpe Rasmusnystova som likevel skulle bort, no når tuna etter kvart skulle flyttast.
I 1905 reiv Lars Petter stova og bar henne stokk for stokk på skuldra frå Omenås og over elva til Hjelme, og det vert fortalt at når ungane skulle over på vitjing, var det berre å tinge seg plass påein av stokkane som L.P. likevel hadde på skuldra. Som det går fram av biletet, var ikkje stova så stor, men den var i to etasjar, så nokre vender vart det nok over elva og sikkert mange våte buksebein.
Her på denne plassen livberga L.P. og familien seg heilt til han døydde i 1941. Mykje kunne vore skrive om denne mannen, men det var huset som er i sentrum i denne omgang. Sommaren 1945 kom der to damer med mykje bagasje og ba om å få leige seg inn i Plassehuset, som då stod tomt. Seinare viste det seg at ei eller begge av damene hadde vore hushjelp på Skaugum for Reichskommissar Josef Terboven. Kvifor og korleis dei kom til Valdal veit ein ikkje, men den eine med namnet Kamilla, hadde vore tenestejente i Heggen i 1938 – 39, og no var det tydelegvis behov for å stikke seg bort.
Lensmann Berge hadde fått ordre om å granske bagasjen til desse to, sidan det var mykje sylvty med kongeleg monogram som var borte frå Skaugum og som visstnok aldri kom til rette. Berge hadde behov for eit vitne, så han hyra med seg Martin Hjelme til dette oppdraget. Dei banka på, og der vart ropt:« Kom inn». Og i det Berge stikk hovudet inn, ryggar han like fort ut. «De er jo nøkne mann!» seier han tydeleg forskrekka. Om damene hadde registrert besøket og lagt ein plan skal vere usagt, men etter kvart kom der litt klede på, og ærendet vart utført, men sylvtyet vart ikkje funne.
 

3. Rasmusgarden. Røykstova
Eg trudde at eg hadde fått med det meste, men i ein tilfeldig samtale med noverande eigar av Rasmusgarden, Øyvind Hoel, så kunne han fortelje at den gamle røykstova vart flytta frå klyngetunet og heim i noverande Rasmusgarden og vart oppsett der som grendahuset «Ystereiten», medan nytt hus på garden vart bygd og stod ferdig i 1906.
Rasmusgarden Nystoga oppsett av Hjelma-Lars Petter på Plassen.
Det var ei «Pigeforening» på Gjerde som overtok røykstova. Om dei betalte noke for huset og korleis den vart flytta/oppsett, veit heller ikkje tidlegare eigar av Rasmusgarden, Idar Hoel.
Marie Heggen skulle vere leiar for pigeforeninga, ho vart seinare kjent frå barnetimen i NRK.
 

4. Larsgarden. Røykstove med ark
Det fyrste minne bestemor mi, Jørgine, hadde, var at ho sat på fanget til far sin, Mons Torstensen Tafjord Omenås, og såg gneistane fòr opp gjennom ljoren og oppimot stjernehimmelen. Eg vil tru at desse gneistane kom frå ein røykomn i ei krå i stova og ikkje frå ein åre midt på golvet. Røykomnen vart òg kalla «Olav Kyrre omn» etter Olav Kyrre, konge i Noreg i tida 1069 - 1093, som skulle vere den som innførde denne omnstypen.
Arka på denne røykstova var brurakammerset til Jørgine då ho i 1904 gifte seg med Nils B. Hjelme. Då hadde dei vore trulova i sju år! I 1909 vart arka seld til Ebbe Relling, frå Dalsbygda. Materialane vart frakta til Sylte med hest, i robåt over fjorden til Dalsbygda, og vidare opp bygda med hest til Storkroken på Halstadvegen.
Derifrå vart tømmeret bore opp gamleråsa i det bratte Dalhusberget til Rellingsætra, der det vart oppattsett og oppattnytta til sæterhus.
Det var Ebbe - Tore og Buda - Jakop som bar kvar sin av dei største stokkane! (Frå sæterboka, som ligg i selet til Paul og Bjørn Relling).
Sjølve stovetømmeret vart kjøpt av Nils Henrik Skuset og vart oppsett til fjøs på Valdals-tegane. Tømmeret var innvendig blåmåla og dekorert med passar-roser. No er dette rive.
 

5. Larsløa
Om denne løa vart flytta til Hjellen, veit eg ikkje noke om, men den som står i tunet i dag er tydeleg gamal, og troet i løtaket er gamle båtbord.
 

6. Framgardsløa
Denne kjenner eg heller ikkje historia til.
 

7. Rasmusløa
Denne har òg ei ukjent skjebne så langt.
 

8. Larsstabburet
Her er eg på gyngande grunn, men sidan der berre er eit stabbur på biletet, tek eg sjansen på at dette kan vere rett: Lars-Tomas (Tomas Larsen Døving, 1889-1978), fortalde til dottera Liv at tømmeret i fjøsen (som var av særleg grove stokkar) var frå eit stabbur på Omenås. Så truleg hamna deler av dette huset på Døving.
 

9. Iverløa
Denne løa står framleis på same plassen som den alltid har gjort og ser om lag ut som på biletet. Den er i dag løe i Ivergarden på Omenås.
 

10. Framgardsrøykstova
Gamle Mons Myklebust (1858-1948) kjøpte huset og sette dette opp på Myklebust. Det står ved riksvegen og på venstre side av Robbevegen, der den tek av til Hjelma/Bjørstad. Mons var bestefar til forfattaren Marta Schumann, og ho og familien har hatt denne til hytte og nytta ho i alle somrar så lenge som Marta levde. Eigarar i dag er Britt Schumann og Gunnar Jorfald, desse to kallar Marta mor og tante.
 

11. Bakkebuda
I denne vesle buda ved bygdevegen på Omenås dreiv Lars Petter Omenås (1870 – 1953) butikk, seinare tok halvbroren Gustav over. Etter ei tid, kjøpte Gustav hus på Gjerde og hadde forretninga i kjellaren der. At butikken hadde lita omsetning og at det var berre ein kilometer til næraste konkurrent (Hol) gjorde at foretaka ikkje vart særleg langliva.
Marie, kona til Gustav, hadde eit uttrykk når det var spørsmål etter varer som dei ikkje hadde: «Nei, dæ hækje oss, og dæ hæ dei no ikkje i Bergen heller».
Lars Petter dreiv ein butikk i Ørsta ei stund, før han kom heim til Valldal og starta produksjon av komfyrar, kokeplater, grisematkokarar og mange andre ting, verkstaden hadde han i kjellaren på Bakkehuset. Han laga mellom anna ein liggjestol til kona etter ho vart helselaus.
Elles laga han skytemasker, vaffeljarn, nokre særdeles store varmomnar der den elektriske delen var innebygd av naturstein (magasinomnar) men òg i betong i tilegg til vanlege mindre varmomnar.
Hols-Berte (1877-1966) bruka ein slik varmomn så lenge ho levde. Fleire av desse tinga er framleis i Halvard Omenås sitt eige på Omenås.
L.P. var i det heile ein utruleg hendig og oppfinnsam kar som kunne få til det meste, endå til ei klevaskemaskin som skulle vaske med damp, prøvde han seg på. Denne siste vart ikkje vidare vellukka, men både komfyrar og kokeplater var i bruk i lang tid, og desse hadde fine messingskilt, sirleg merka med «L.P. O».
Bakkebuda hadde som mange av dei andre husa eit omflakkande liv: Fyrst som butikk ved vegen, så vart den flytta til Sylte og var i mange år nytta som kyrkjebud, før den på ny vart flytta fram i tunet, der den i alle år gjorde teneste som eit innebygd uthus til 12.11.11, då ho vart riven, og brend.
 

12. Ivergarden. Røykstova
Denne stova har eg så langt ikkje funne ut noke om.
 

13. Framgards-isljestova
P. Valdal (Peder O. Valdal. Telegrafstyrar i Ålesund) kjøpte huset, og det vart seinare overteke av dottera, tannlege Bina Valdal Iversen, og ho sette det opp som hytte ved Heimsætra i Valdalsbotnen.
Hytta vart i alle år kalla Binahytta, heilt til snøen braut ho ned for nokre år sidan.
 

14. Bakkeløa
Denne stod der dagens løe er, og vart truleg riven under nybygginga.
 

15. Bakkehuset
Dette står der det alltid har stått (merka som nr 15 på biletet) og er i dag gamlehuset på Bakkjen. På loftet i dette huset skulle der ha vore nokre rosemåla dører, som i si tid kom frå eit svært gamalt steinhus på garden. Dørene er visstnok overmåla i nyare tid, men så lenge sidan at verken Åshild Havnen Omenås født 1924 eller sonen Hallvard hugsar dette. Bakkehuset vart innflytta i 1901. Jørgine Hjelme hugsa dette gamle steinhuset som så spesielt, at når dette kom på tale, sa ho alltid:
«Dæ va eit hærverk at dei reiv dette huset».
Framleis kan ein sjå nokre uvanleg store blokker i murane. Steinhuset skal ha vore svært gamalt, og Åshild har høyrt at huset hadde åre. Åre til oppvarming, midt på golvet, vart det slutt på her på Sunnmøre, etter at Kong Olav Kyrre innførte røykomn (og kalla Olav Kyrreomn) i hjørnet av stovene. Så kor gamalt dette steinhuset kan ha vore, må ein berre tippe: Tidleg middelalder?
Tømmeret til «nyhuset» vart kjøpt på rot frå Storskotet i Liabygda for 45 kr ! Terrenget i Storskotet er så bratt at Omenåskarane måtte henge i tau når dei skulle felle tømmeret. Historia seier at då trea vart felt, rausa dei rett på sjøen og fòr så kvast og djupt at dei ikkje kom oppatt før midtfjords, og då var dei ferdig kvista !!
Vidare vart tømmeret flota over fjorden til Opsvika på Stranda, der det vart saga, før det vart flota vidare til Sylte og så køyrt med hest og slede til Omenås.
Murane i dagens Bakkehus er i frå det før omtala steinhuset, der Åshild Havnen Omenås bor i dag.
I kjellaren på dette huset var det Lars Petter Omenås dreiv produksjon av varmomnar og andre elektriske artiklar.
 

16. Meieriet (Ås meieri)
Denne bygninga var fellesmeieri for gardane frå Rem, Furnes, Hol, Berli, Heggen, Hjelma, Bjørstad, Gjerde, Omenås og Myklebust. Bøndene her slo seg saman i 1895 og danna Ås meieri på Omenås.
Huset vart sidan kjøpt av Ivar Myklebust og oppsett til bustadhus på Valdal gard, og plassen vart i daglegtalen kalla Reinå eller Reina. Golvmaterialane til Reinehuset vart henta under brua i Trollstigfossen, der desse golvborda fyrst var bruka som dekke på den forskalinga som vart sett opp, før brukvelvingen vart mura oppå. Det var Nils Myklebust, med sønene Ivar og Nils, som tok denne heller våtsame jobben å rive forskalinga etter at brukvelvingen var komen på plass! Underskrivne hadde sjølv gleda av å bo sju år på loftet i Reine-huset.
Åshild H. Omenås fortel:
Anne Rusten (1884 - 1939) frå Stranda var meierske på Ås meieri i 15 år, heilt til verksemda vart nedlagt.
Om sommarane sætra ho òg på Klovset og i Hogsetdalen for Anders og Johanne Lingås. Dette dreiv ho med i mange år, heilt til Kristine, dotter til Anders og Johanne, vart konfirmert og soleis var gamal nok til å gå på sætra.
Dei som køyrde mjølka frå Ås meieri, bruka som regel å få med seg saup heim. Det var liksom ei betaling, for når dei kom til meieriet, så skulle dei som regel ta ei tørning med å drage separatoren.
Sidan brukarane på Omenås hadde så kort veg til meieriet, så skulle dei ha jobben med å hente mjølk på Rem ein dag for veka. Arbeidsmengda skulle vere lik for alle!
Mjølkekarmen (karm av bord, som vart sett ned på vogn eller slede for å plassere mjølkespannene i) vart hengd på løveggen i Negarden (Rem), og der henta dei andre brukarane den etter behov.
Karmen hang på veggen der heilt opp til nyare tid.
Foto: Eystein Hjelme.
Kjelde: Hallvard og Åshild Havnen Omenås.
Øyvind og Idar Hoel.

Vil du lese meir, så kan du kjøpe boka "Nøysemd" av Eystein Hjelme

Share to